Bibliotekmelding – men bare nesten

Bibliotekmeldingen ble presentert i dag, men på kulturdepartementets nettsider er det bare pressemeldingen som er tilgjengelig, ikke selve meldingen.

Satsing på bibliotek og digital bevaring av kulturarven

-­ Regjeringa vil vidareutvikle offentlege møtestader for kultur- og kunnskapsformidling, bevare kulturarv og fremje demokrati og identitet, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Regjeringa vil satse på bibliotek og digital bevaring og formidling av samlingane i arkiv, bibliotek og museum, og har i dag lagt fram ei stortingsmelding om bibliotek og ei stortingsmelding om ein nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv.

– Føremålet med bibliotekmeldinga er å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek som kan tilby alle innbyggjarane betre bibliotektenester. Meldinga inneheld tiltak som kan styrkje samspel og samarbeid, fremje biblioteka som møtestader og arenaer for kultur, lesing og læring, seier statsråd Giske.

I meldinga vert det varsla ein prosess for å vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling. Meldinga varslar elles ei satsing på kompetanse, forsking og utvikling, lisens- og konsortieavtaler, leselyst og lesedugleik. Det vert tilrådd å gjennomføre eit nasjonalt leseår i 2010.

– Føremålet i digitalmeldinga er å sikre samlingane i arkiv, bibliotek og museum for komande generasjonar. Målsettinga er å gje best mogeleg tilgang til kultur- og kunnskapsressursane for flest mogeleg, seier kulturministren.

Meldinga gjer greie for ein nasjonal strategi som omfattar langtidslagring av digitalt materiale, ei felles søkjeteneste for arkiv, bibliotek og museum, digitale formidlingstenester og tiltak for å samordne digitaliseringsverksemda.

Advertisements